Sigurd Drakedreper

Sigurd Drakedreper er basert på ei bok som eg kanskje eller kanskje ikkje har lese når eg var ung. Eg hugsar nokon bøker Torill Thorstad Hauger, men ikkje kva dei var.

Med bakgrunn i å friske opp i hukommelsen, sjå litt norsk film, og ei nysgjerrigheit for kva denne vikingfilmen kunne tilby, var det Sigurd Drakedreper blei sett i gang.

Eg kjem ikkje unna at kvaliteten på den bibliotekslånte DVD-en var dårleg. Det var uklart som ein VHS, dårleg lyd og ingen teksting. Det var så uklart at eg ofte ikkje såg kven folk var. Men likevel rulla filmen vidare over skjermen.

Sigurd er ein pysete gutunge som dei andre vikingane gjer narr av. Faren hans respekterer han heller ikkje, og er nok skuffa over at Sigurd ikkje har lært seg å slåst som ein ekte viking. Filmen handlar om ein viktig del av livet til Sigurd, då han er nøydd til å vekse opp litt fortare.

Men fort er ikkje eit passande ord for framgangen i filmen. Dette går like seint framover som kvaliteten på DVD-en var dårleg. Historia er både god og fin, men arbeidet som er gjort med både filminga og klyppinga av Sigurd Drakedreper er slett arbeid. Ei scene som kunne ha fungert så mykje betre med ein raskare klypperytme, blir drept av ein kameravinkel som varer for lenge.

Eg vel å ikkje halde DVD-en i mot filmen, men trekk ned fordi filmen elles var under middels også.

Sigurd Drakedreper 1989 plakat - Filmdagbok