Silent Night, Deadly Night

Billy har ei traumatisk oppleving som barn, ei som involverer julenissen. Mens han slit med dette under oppveksten får han inga profesjonell hjelp, og det går som det går at det vippar over. Dette skjønnar du innan det har gått eit par minuttar av filmen, og der ligg for så vidt det største problemet. Hendingane er føreseielege til dei grader. Desse er det så mange av at den einaste gleda og julekosen det er å hente her er nokon få, passe kreativt utforma drapssekvensar.

Silent Night, Deadly Night byrjar med barndomen, det er ingen mystiske sider ved Billy me aldri får vite. Alt er så oppe i dagen at det blir som ein tur i parken. Du skal òg vere ganske nervevrak om dette skulle skremme. Ein ting som ikkje manglar er komedie, Billy stadig vekk mumlande på naughty når han travar rundt i nissedrakt, samt rekorddumme offer er gøy nok. Det blir aldri bra nok til å gjere Silent Night, Deadly Night til ein god film, men det er ingen tvil om at det er nok tåpeleg og morosamt til å bli underhalda av.

Silent Night, Deadly Night 1984 plakat - Filmdagbok