Silent Running

Valley Forge i ei ukjent framtid, ein romstasjon for bevaring av skogar og planter. Lite blir sagt om statusen til jordkloten anna enn at skogar er utdøydd og at menneska ikkje ser ut til å bry seg. I flåten av romskip som Valley Forge er del av blir ein ordre om å løyse, for deretter å sprenge drivhusa, oppstand for frustrasjon hjå ein i mannskapet. Den naturglade av dei. Synet hans er eit syn ingen av dei andre om bord ser ut til å forstå og dele, til frustrasjon for han.

Det skjer det som må skje og etter ei stund er at Bruce Dern, eller Freeman Lowell som han går under i filmen, er åleine igjen med tre reperasjonsdronar som følgjevenner. Sidan må han takle uviss lang tid åleine drivande i verdsrommet grunna nokon småting som skjer i mellomtida.

Under tida me følger Lowell skjer det ikkje dei heilt store tinga. Han må takle åleinetilværet og han søker selskap i dronane som han omprogrammerer til å kunne spele poker. Slik går filmen sin gang, i blant med songar sunge av Joan Baez som avbrekk frå stilla og monologane til Lowell.

Silent Running hadde ikkje det største budsjettet å rutte med. Sjølve romstasjonen er ein åtte meter lang modell og spesialeffektane er rimeleg enkle, men effektive. Det trengs ikkje mykje når det finst kunnskap om korleis det skal brukast. Då mannen bak effektane er den same som stod for dei i 2001: A Space Odyssey kan eg også trekke parallellar til denne filmen på andre måtar, Silent Running er ein lettversjon av 2001: A Space Odyssey. Tempoet er fordelt på lengda og taletida er lengre. Likevel er ting som menneske og maskin, stemningsbygging og det ukontrollerbare og ukjente i verdsrommet sentralt. No må dette for all del ikkje sjåast på som ein måte å forenkle 2001: A Space Odyssey, men Silent Running ligg nærare han enn Star Wars.

Trass i at Silent Running har sjarm i bøtter og spann kan eg ikkje med handa på hjarte anbefale han. Då han innleiingsvis opnar med å problematisere menneska si avslappa haldning til undergang av naturen gleda eg meg regelrett for resten, men etter å ha tatt eit jafs i eplet er resten kasta i den bøtta med sjarm som filmen ikkje klarte å fylle. Resultatet er eit stort fokus på åleinetilværet til Lowell, som strengt tatt ikkje går særleg djupt og ikkje bidrar med den store underhaldninga heller. Ikkje før slutten av filmen er nær skjer det noko meir som set fart på hjerneaktiviteten igjen.

Silent Running 1972 plakat - Filmdagbok