Silicon Valley

Serie
2014–2019
5/5

Få seriar har gjort eit betre inntrykk på meg dei siste åra enn Silicon Valley. Dette var ein serie eg hadde store forventingar til, og som innfridde desse, og som har halde kvaliteten på topp i no fem sesongar.

Silicon Valley handlar om oppstarten til ein overlegen kompresjonsteknologi. Richard Hendricks (Thomas Middleditch) er hjernen bak teknologien, og rundt seg har han eit apparat beståande av programmerarar, en inkubatoreigar og andre eigarar.

Nyansane mellom ein god og ein verkeleg god serie er ikkje alltid store. Det som skil Silicon Valley ut er evna til å vere gjennomført morosam, full av poeng, og ha fantastiske karakterar som eg ikkje mistar interessa for over tid.

I løpet av dei nesten 50 episodane hittil har eg ikkje kjeda meg eit minutt. Fleire gonger i kvar episode ler eg høgt av gode vitsar og poeng. Timingen av desse er formidabel.

Kvar episode er på 30 minuttar, og fell inn under komediesatsinga til HBO. Mykje bra har komme frå HBO på dette område dei siste åra. Silicon Valley skil seg derimot ut ved å vere ein meir reindyrket komedie, og brukar lite tid på drama. Mykje av komedien byggjer på dei håplause situasjonane dette nye selskapet hamnar i. Oftast fordi dei enkelt og greitt gjer elendige val, forhasta avgjerder og kommuniserer dårleg. Vala som blir tatt er aldri tilfeldige i det store bildet, og vil sannsynlegvis medføre framtidig trøbbel.

Om det ikkje er opplagt, så er Silicon Valley blant dei mest absolutte anbefalingane eg kan komme med. Gitt at du likar komedie. Det er vanskeleg å skildre kva som er bra i noko så komplett, då det gjerne er massevis av små detaljar som utgjer ein god heilskap, så eg lar oppsummeringa og rangeringa mi tale for seg.

  • Silicon Valley 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • Silicon Valley 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • Silicon Valley 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • Silicon Valley 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • Silicon Valley 2014-2019 plakat - Filmdagbok
  • Silicon Valley 2014-2019 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    11. desember 2019 av

    Merkelapp

    HBO

    Skaparar

    John Altschuler, Mike Judge (I), Dave Krinsky

    Skodespelarar

    Thomas Middleditch, Josh Brener, Martin Starr, Kumail Nanjiani, Amanda Crew, Zach Woods, Matt Ross, Jimmy O. Yang, Suzanne Cryer, T.J. MillerVis alle 521 skodespelarar

    Sjanger

    Komedie

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om Silicon Valley