Silver Bells

Silver Bells er eit familiedrama som kom ut i 2005. Dick Lowry har regissert filmen, som er ein Hallmark Hall of Fame-film.

Etter å ha sett Christmas with Holly ein dag i forvegen, var eg positivt innstilt og hadde nokon forventingar til dette som ein noko eldre Hallmark-film.

Silver Bells handlar om ein åleinefar som dyrkar grantre. Kvart år drar han til New York for å selje desse som juletre. Han har ein 17 år gammal son, og ei yngre dotter. Han og sonen er noko ueinig i kva sonen skal ta seg til, og det endar opp med at sonen rømmer. Stort meir av historia skal eg ikkje røpe, men kan ta med at ei anna kvinne og enke vil spele ei rolle i deira liv året etter.

Filmen lev på kanten av det som kan bli opplevd som avgrensa budsjettert. Det er noko som skurrar her og der, då det ser kunstig ut. Mykje av handlinga går føre seg i få kulisser. Men så har me andre innslag frå diverse innspelingsstader som er med på å løfte dette ut av studiobobla. Kva denne og tilsvarande filmar eigentleg kostar, er ikkje det viktige. Men då eg primært har sett filmar produsert for kino, er det interessant å legge merke til forskjellen.

Dick Lowry er ein regissør eg ikkje har noko forhold til. Han har stort sett regissert tv-filmar, og nokon seriar. Utover å seie at han gjer ein grei jobb her, kan eg ikkje sei så mykje om kva preg han eigentleg set på filmen. Men han har iallfall henta fram tilstrekkeleg frå sine hovudroller til at det fungerer.

Tate Donovan og Anne Heche er stjernene her. Det er ikkje dei sterkaste rollene eg har sett dei gjere. Men det er godkjent. Nokon kjensler klarer dei å mane fram.

Silver Bells er basert på ein roman av Luanne Rice. Eg har verken kjennskap til ho eller romanen, og tenker ikkje spesielt mykje over at filmen er ein adapsjon når eg ser den. Det er i og for seg positivt.

Ein av fordelene med filmen er at eg ikkje er heilt sikker på kva historie han har tenkt å fortelja. Det er ikkje sånn at eg etter fem minuttar sit med svaret. Filmen er nok noko føreseieleg, men han har ikkje ein struktur kor dette blir problematisk.

Alt i alt er denne ein litt over middels god film. Ikkje ein eg utan vidare vil anbefale. Det er vel mest om du ønsker å sjå Anne Heche eller Tate Donovan i ein film. Eller har ei greie for julefilmar.

Silver Bells 2005 plakat - Filmdagbok