Singin' in the Rain

Musikalsjangeren er ein lite utforska sjanger for meg, noko som kan merkast om du blar deg gjennom kategorien her på Filmdagbok. Det skal difor ikkje så mykje til for å hevde seg i toppen, noko denne filmen absolutt gjer. Og det ville han nok ha gjort om kategorien var meir oppfylt og. For det er ikkje berre det at filmen har ein del gode songnummer, han er ein varm og fin romantisk komedie i tillegg.

Men ingen filmar er perfekt, og eg vart faktisk litt plaga av ei scene midt inne i filmen, der Lina Lamont feilar på å snakke inn i mikrofonen. Det var ei scene som drog ut i lengste laget, og irriterte nesten livet ut av meg. Det var heldigvis den einaste store tingen eg har å utsette på Singin' in the Rain, som klarte å få meg til å synge med med den grufulle songstemma mi som ligg fleire nivå under den til Lamont.

Singin' in the Rain 1952 plakat - Filmdagbok

Publisert

9. desember 2006 av

Regissørar

Stanley Donen, Gene Kelly (I)

Manusforfattarar

Betty Comden, Adolph Green

Skodespelarar

Gene Kelly (I), Donald O'Connor, Debbie Reynolds (I), Jean Hagen, Millard Mitchell, Cyd Charisse, Douglas Fowley, Rita Moreno (I), Dawn Addams, John AlbrightVis alle 158 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Musikal, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Singin' in the Rain