Sinnasnekker'n

Serie
2010–2019
3/5

Sinnasnekker'n var eit program som gjekk på TVNorge frå 2010 til 2019. Otto Robsahm var programleiaren som reiste rundt og fiksa opp i huset til folk som hadde søkt om hjelp.

Eg har sett ein og annan episode, og nokre sesongar i heilskap. Det er ingen samanheng mellom episodane, med unntak av store jobbar som blei delt opp over to episodar.

Det beste med Sinnasnekker'n er alle tipsa og triksa til oppussing. Ved å vise andre som gjer feil på så mange måtar, slepp ein å gå i same fella sjølv. Enkelte episodar byrjar med folk som er i så håplause situasjonar at du ikkje trur det skulle gå an. Andre har problem som i større grad er forårsaka av noko dei ikkje har hatt kontroll over, som død og katastrofe.

Dramaturgien er sjølvsagt på plass. Dette er ein form for realityserie trass i den snekkarfaglege vinklinga. Så det står ikkje på at produksjonen er finslipt og hjelp på underhaldingsverdien.

Sinnasnekker'n 2010-2019 plakat - Filmdagbok

Publisert

16. januar 2019 av

Merkelapp

TVNorge

Skodespelar

Otto Robsahm

Sjanger

Reality

Land

Noreg

IMDb

IMDb-side om Sinnasnekker'n

TV Time

TV Time-side om Sinnasnekker'n