Siu lam juk kau

Film · 2001 · · 7. april 2005
4/5

Ein film som blei ein kultklassikar etter at han kom ut i 2001. Nokon vil seie at han er betre enn Kung fu, men det er ei smakssak. Eg såg denne filmen for første gang i 2002, og han var svært så underhaldande.

Denne gongen er han ikkje så artig, så eg må sei at eg er ein av dei som no set Kung fu høgare. Spesialeffektane i Siu lam juk kau, eller Shaolin Soccer, har vel aldri vore spesielt gode, men dei vil heller ikkje bli betre med tida.

Underhaldning er det uansett.

Siu lam juk kau 2001 plakat - Filmdagbok