Siworae

Siworae og den amerikansk nyinnspelinga The Lake House er meir ulike enn eg hadde trudd. Det spelar ingen rolle eigentleg, for begge filmane er gode.

Siworae er ikkje fullt så dramatisk, men ein varmare og meir fargerik film enn The Lake House. Kontakten er tona ned og musikken er etter min smak mykje betre.

Det krev litt meir å følge med på denne filmen trur eg. No hadde eg ganske grei oversikt over hovudtrekka, men for ein som ikkje har sett The Lake House går kanskje Siworae litt fort unna eit par plassar. Eg skal ikkje uttale meg meir om saka.

Siworae 2000 plakat - Filmdagbok