Six Days Seven Nights

I min barndom og ungdom tykte eg alltid historier om folk som stranda på aude øyer var spennande. Og dette sit framleis igjen, nok til at den i utgangspunktet halvgode romantiske komedien Six Days Seven Nights er blir god.

Anne Heche og David Schwimmer er på bryllaupsreise. Jobben tvingar Anne Heche tilbake til byen, men når Harrison Ford skal flyge ho hamnar dei i ein storm som krasjlandar flyet på ei øy som ingen bur på.

Anne Heche og Harrison Ford mislikar kvarandre. Dei møter på utfordringar i form av natur og farlege karakterar som dukkar opp. Og alt utfoldar seg eigentleg som forventa herifrå og ut.

Det er spenning, komedie, romantikk, drama og tropisk natur i enkel blanding. Og det går. Så stort inntrykk utover å vere grei underhaldning gjorde derimot filmen ikkje. Ingen utmerkar seg, og historia er ikkje supergod heller. Men det går.

Six Days Seven Nights 1998 plakat - Filmdagbok