Six Feet Under (2001–2005)

Serie / 12. april 2008
5/5

Nokon seriar treng tid på å bygge seg opp, bli interessant og få noko ut av intrigane i dramaet. Andre seriar klarer å fengja umiddelbart. Six Feet Under er den umiddelbare typen.

Serien er en av HBO sine største suksessar etter frå rundt år 2000 ved siden av The Sopranos. Serien handlar om ein familie som driv gravferdsbyrå, og tida deira etter farens bortgang. Eine sonen er homofil, den andre taklar ikkje lik, dottera prøver å skape seg en identitet på forstyrra ungdomsvis og mora er kontrollfrik.

Serien startar med at Nathaniel Fisher Jr. (Peter Krause) kjem tilbake frå Seattle til Los Angeles i samband med faren sin død. Han ender opp med å bli verande og jobbe i familiens bedrift.

Det er ikkje karakterane åleine som definerer serien, men situasjonane dei møter og måten alt blir utført på. Atmosfæren i et gravferdsbyrå er et godt utgangspunkt for å skape triste tema, men også å danne mørk humor.

Six Feet Under har ikkje ein gang i handlinga som gjer at eg må sjå vidare for å få vite kva som skjer, men fleire andre kvalitetar som gjer at eg får veldig lyst til å følge med. Utruskap, små løgner, intrigane er menneskelege, og gjennomført på en slik måte. Ein av dei beste tinga er at ingen episode kjennest som en repetisjon av en tidlegare. Liva til familien Fisher og dei andre går framover, om enn sakte, så på en god og trygg måte.

HBO bryr seg ikkje alltid om holde kritikk tilbake, og frontar mange ulike saker og synspunkt her. Serien blir tankevekkande og i blant provoserande. Slike verdiar er det kjekt å finne. Men eg vil heller ikkje vektlegge dette for mykje, for det botnar mest ut i dramaet for min del.

Six Feet Under klarte stadig å gripe tak i meg og klistre auga mine til skjermen. Serien overraska på elegant vis og lager små historier på sin eigen måte, gjerne ved at folk gjer dårlege val som får en til å klø seg forundra i hovudet.

Ein del av styrken ligg i engasjementet serien skapar med ekte rollefigurar. Ekte folk som ikkje let seg bli forstått i løpet av ein sesong eller to, som utviklar seg og brått kan finne på noko uventa utan vidare forklaring.

Familien Fisher styrer stadig på med dei mest interessante problemstillingane. Dei møter alle veggen gang på gang med hendingar som er bretta ut over fleire episodar.

Six Feet Under står fram som en tålmodig serie der alt har sitt eige tempo utan at det blir kjedeleg av den grunn, mange nok historier gir rom for godt driv og ofte held det å sjå ein episode om gangen for å tilfredsstille underhaldningslysta, og heller la ting synke. Elles er ikkje skaparane av Six Feet Under redd for å hoppe i tid, enten for å skape forvirring, bevisst gi oss kjensle av å ha gått glipp av noko eller der det er naturleg i livet til alle rollefigurane.

19. august 2005 blei den sekstitredje episoden av Six Feet Under vist for 3.9 millionar HBO-sjåarar, 1.4 millionar meir enn snittet tidlegare i den avsluttande sesongen. Det vil vere dårleg gjort av meg å fortelja kva som skjer mot slutten av Six Feet Under, så eg skal unngå dette, la meg likevel fortelja at opptaket på slutten startar for fullt i fjerde siste episode, og at det er en skikkeleg slutt me får. At skaparane hadde planlagt og faktisk gitt seg, i motsetning til kva som skjedde med The Sopranos som stadig blei fornya, med Six Feet Under etter sekstitre episodar var noko eg var bevisst på mens eg så på serien og faktisk en av grunnane til at eg tok meg tid til å følge serien i fjor rundt desse tider. Eg er ikkje skuffa over utfallet heller.

Eg følgde aldri Six Feet Under fast på tv, for nokon år sidan så eg litt av eit par episodar når NRK sendte serien etter 23-nyheitene på fredagskvelden, men plukka mest opp at det handlar om et gravferdsbyrå og homofili, noko som vart for sær ein kombinasjon den gangen. Dette siste året har eg fått sett det som eg no vil skildre som et av dei betre tv-drama eg har sett. Hekta var eg mest gjennom dei to første sesongane, seinare har eg tatt meg god tid før eg raste gjennom siste sesong no nyleg.

Fjerde sesong gjekk vidare med liva til dei involverte som vanleg og eg merka at serien på ein måte hadde gått seg til og roa ned litt, nok av problem og slikt oppstår, men det brygga seg sakte, men sikkert opp mot ein slutt og tanken på dette la en liten dempar på resten. No er det med episodane under lupa eg ser på det slik, eg har eigentleg ingenting å utsette på serien. Spesielt etter den forlenga siste episoden tenker eg dette, denne var tung og trist som eg aldri har opplevd på tv før og er verdig for serien som heile vegen har vore god på tragediar. Med fare for å framstille meg sjølv som et forstyrra individ blei eg liggande vaken lenge og tenke over spesielt den siste montasjen i serien.

Ingen tvil om at Six Feet Under er god altså. Alle sesongane er vel verdt å få med seg, sjølv om eg har hinta til synkande interesse, noko som eigentleg ikkje stemmer, når en følger ein serie har en for vane å enten hylle det som ligg friskast i minne eller vere nostalgikar utan like. I Six Feet Under skjer det så mykje over et lengre tidsrom at det er vanskeleg å styre seg i å fundere på denne måten. Eg er mest redd eg igjen har rabla uinteressant nonsens om et høgkvalitetsprodukt som er for omfattande for meg å skrive fornuftig om fordi eg etter kvart nye avsnitt tenker på ti nye ting eg burde nemne, men kuttar ut på grunn av lengda.

Six Feet Under 2001-2005 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

HBO

Skapar

Alan Ball

Skodespelarar

Peter Krause, Michael C. Hall (I), Frances Conroy, Lauren Ambrose, Freddy Rodríguez, Mathew St. Patrick, Rachel Griffiths, Justina Machado, Jeremy Sisto, Brenna Tosh

Sjangrar

Komedie, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Six Feet Under

Forfattar