Sixteen Candles

Ein tenåringsfilm med mange klisjear på kort tid. Filmen er ein typisk film som gir ei god kjensle, det skal han ha.

Men trass i klisjeane og den føreseielege handlinga er Sixteen Candles både morosam og fin.

Sett opp mot favorittfilmen min av John Hughes, The Breakfast Club, så hamnar nok denne filmen nokre hakk under.

Ein del filmar frå 1980-talet har nok gått ut på dato med tanke på forma, men dei skuffar ikkje av den grunn. Eg har sansen for 1980-talet, både for musikken, atmosfæren, kleda og ofte dei enkle historiene i tenåringsfilmar.

Då gjenstår det å sjå om Weird Science også leverer.

Sixteen Candles 1984 plakat - Filmdagbok