Skadeskutt

Filmforteljinga Skadeskutt er eit viktig bidrag til vrangførestillinga som nok herska i samtida på 1950-talet om sinnsjuke, asylopphalda som måtte finnast og fåkunna om behandlinga av den såkalla friske. I den oppdikta forteljinga som Skadeskutt er, finst det først og fremst eit formål. Her skal me som dumme, dumme sjåarar bli lært opp til å forstå kor viktig det er å behandle dei sinnsjuke med varsame hender utan å nedverdige dei.

I ein av dei sentrale rollene i filmen har me arkitekt Wang. På daglegtale blir han kalla etter fornamn sitt, Einar, som i dei dramatiske opningsminuttane prøver å ta livet sitt. Einar, eg tør kalle han dette ettersom me får eit personleg forhold til han etter kvart, blir lagt inn på eit asyl kor han skal få behandling. Else som står ved sida hans er ei tolmodig kone. Ho gir aldri opp håpet om å få tilbake Einar i den tilstanden han eingong var.

Det er den sterke moralen som driv Skadeskutt, og korleis skal det no gå med den sinnsjuke arkitekten Einar Wang? Forteljarteknikken er tradisjonell med ein introduksjon og ei avslutting ved ein doktor frå institusjonen der Einar kviler av seg galskapen. Doktoren formidlar den sterke bodskapen og er tydeleg overlegen med fagkunnskapen sin, noko han heller ikkje legg skjul på. I mellom byrjinga og slutten følger me bokstaveleg talt Einar frå byrjinga av galskapen til slutten.

Etter slutten til filmforteljinga sit eg igjen med ny viten om den viktige rolla asylet har, om dei ukontrollerbare åndane som herskar i eit sinnsjukt sinn og ein stor respekt for dei som prøver å hjelpe, både profesjonelle og pårørande. Eg føler nok også avsky, om enn eg veit at dei ikkje kan noko for sine haldningar, til dei som frys ute ferdig behandla asylklientar.

Skadeskutt 1951 plakat - Filmdagbok

Foto: Nasjonalbiblioteket