Skam

Serie
2015–2017
4/5

Den norske serien Skam gjekk over fire sesongar mellom 2015 og 2017. Han har fått mange utanlandske nyinnspelingar. Blant anna SKAM Austin som Facebook Watch gav ut.

Fenomenet Skam er så omfattande at eg ikkje skal prøve å forklare det. Eg såg aldri på serien før han var ferdig, og då såg eg episodane fortløpande frå start til slutt. Heile greia med små drypp og aktivitet på sosiale medium i forkant av den samanhengane episoden som kom kvar veke, var eg ikkje del av.

Serien handlar om ungdommar i Oslo på ein realistisk måte. Sannsynlegvis er det slik. Det er oppvekstdrama, russetid, press, kjærleik og alt anna som høyrer ungdomslivet til. Stilen til og oppbygginga av serien er ikkje uttømmande. Det gir meg som sjåar alltid lysta på meir. Her lykkast Skam veldig godt. Episodane er av varierande lengde. Brått kan det vere slutt på rundt ti minuttar. Andre gonger kan det vare ein halvtime.

Kort oppsummert vil eg sei at Skam har fengande drama og ei passe mengde episodar. Mange ungdomsseriar eg har sett har klart å fenge, men dei har gjerne halde på for lenge. Skam gav seg på topp, både for kvar sesong og i talet på sesongar.

Skam 2015-2017 plakat - Filmdagbok

Publisert

3. mars 2018 av

Merkelapp

NRK

Skapar

Julie Andem

Skodespelarar

Josefine Frida Pettersen, Iman Meskini, Ulrikke Falch, Lisa Teige, Tarjei Sandvik Moe, Ina Svenningdal, Marlon Langeland, Herman Tømmeraas, Thomas Hayes (X), Carl Martin EggesbøVis alle 109 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Romantikk

Land

Noreg

IMDb

IMDb-side om Skam