Skitten Snø

Serie / 2019–2019
4/5

Skitten Snø er ein NRK-serie om jente som blir valdteken, og blir trua av valdtektsmannen i ettertid. Kamalpreet Kaur har hovudrolla, og Tarjei Sandvik Moe spelar ei sentral rolle. Sistnemnte er den verkelege stjerna her, som strålar i ei av dei mest ufyselege rollane eg har sett siste året.

I løpet av åtte episodar på under ein halvtime kvar får me den fæle handlinga og etterfølgande av ho. Valdtekstmannen har eit overtak som han brukar mot offeret, og heile situasjonen med at ho er del av det norsk-pakistanske miljøet.

Det blir i blant litt over toppen, men elles er dette ein stemningsrik og svært spennande serie som kan bli anbefalt.

Skitten Snø 2019-2019 plakat - Filmdagbok