Skjelvet

Skjelvet er ein oppfølgar til den norske filmen Bølgen, men kan fint sjåast som ein sjølvstendig film. Dette var også mitt utgangspunkt når eg skulle sjå Skjelvet på kino. Medan eg når eg no skriv denne filmmeldinga også har sett Bølgen.

Handlinga i denne filmen er enkel som i ein god gammaldags B-film. Ein mann oppdagar at Oslo med stort sannsyn vil bli ramma av eit jordskjelv i nær framtid, men han blir ikkje trudd. Så kjem skjelvet, og han må redde seg sjølv og sin familie frå katastrofen.

Kristoffer Joner gjentek rolla som geologen Kristian Eikjord, som nok ein gong hamnar midt i ei stor naturkatastrofe. I tillegg til å ikkje bli trudd, har han og med bakhistorie i Bølgen her utgangspunktet at han slit psykisk etter opplevinga i Geiranger.

Filmen er kompakt og kastar ikkje bort mykje tid på anna enn hovudhandlinga. Det er nesten forfriskande ukomplisert. At det ikkje er noko daudtid i filmen gjer også at han blir opplevd som kort, sjølv om han er 105 minuttar lang. Dette er godt hjelpt av at filmen ikkje dreg ut slutten, men gir seg så fort han kan og bør.

Skjelvet 2018 plakat - Filmdagbok