Skyscraper

Film / 2018
3/5

Frå Skyscraper med Dwayne Johnson forventa eg og såg fram til ein overdriven actionfest med lite fotfeste i realisme. Og filmen innfridd absolutt på dette.

Will spelt av Dwayne Johnson er ein ekssoldat og noverande sikkerheitskonsulent med protesebein som skal klarere sikkerheita i den høgste bygninga i verda. Den nyopna bygningen i Hongkong er på over 900 meter høg.

Mens han held på får resten av familien på ei kone og to born lov til å bu i 98. etasje. Mens resten av boligarealet ikkje er innflytta endå.

Så kjem det ein gjeng med skurkar som set fyr på bygningen i 96. etasje. Dei forsøker å få tak i eigaren av bygningen som held til i 225. etasje.

Dette er elementa som utgjer den føreseielege handlinga i Skyscraper. Ein film der helten i blant heng ut frå over 100. etasje etter fire fingrar, slik plakaten viser. Og der ein motstandar blir slått ned med protesebeinet til Will.

Eg tykkjer at filmen klarar å bli spennande nok, trass i at dette ikkje er det mest nyskapande. Eg har også sett betre på spesialeffektfronten, fått servert meir humor i ein katastrofefilm, om det kan kallast det, og hatt mindre trua på ein lykkeleg slutt.

Litt som med actionheltar frå tidlegare tiår så har Dwayne Johnson i seg sjølv som frontfigur for ein film blitt eit trekkplaster og ein skapar av forvetning til innhaldet. Men med unntak frå mange meir reindyrka actionheltar er han også ein god skodespelar.

Skyscraper er ikkje fri for manglar, men er ein kurant actionfilm. Not Only Hollywood er derimot meir kritisk til filmen.

Skyscraper 2018 plakat - Filmdagbok