Sledge Hammer!

Serie · 1986–1988 · · 28. juli 2014
3/5

Politietterforskar Sledge Hammer ser alltid etter dei mest valdelege løysingane på problema som dukkar opp i arbeidet hans. I lag med partneren Dori Doreau blir mange slags komiske og meir seriøse lovbrot etterforska i løpet av 41 episodar på rundt 25 minuttar.

Sledge Hammer! er først og fremst ein komedie, og deretter ein politiserie. Med catchphrase «Trust me, I know what I'm doing» som går igjen i kvar episode, er det heller det stikk motsette som stemmer. Stadig med pistolen i handa, den kjæraste eigedelen og fortrulege til Sledge, er han klar til å skyte noko eller nokon. Ofte blir han stoppa av den langt meir reflekterte og smarte Dori, men i blant viser pistolen seg å vere den mest fornuftige løysinga.

David Rasche som Sledge og Anne-Marie Martin som Dori har ein god kjemi på skjermen. Episodane er lite innom det personlege livet til karakterane, så det tar lang tid før denne sida av serien kjem til sin rette. Men utover i andre sesong tar serien seg litt opp på grunn av dette.

Episodane og historiene er svært varierte, og heller ikkje det gode med serien. Sledge Hammer! er nesten utelukkande verdt å sjå på fordi karakterane er interessante eller fører til interessante handlingar.

Det var ei bestemt scene i serien, nemleg når Sledge stoppar ei kule med tennene i ein duell, som gjorde at eg valde å sjå serien. Denne scena såg eg da serien gjekk på TV 2 for omtrent 20 år sidan. Det var eit skikkeleg antiklimaks å sjå denne igjen i vaksen alder, etter å ha tidleg danna meg eit bilde av scena og serien som dramatisk og rå. For ved gjensynet var det ei morosam scene, og heile serien er langt meir spøk enn alvor.

På det store spørsmålet om Sledge Hammer! er verdt å sjå, så er svaret at det kjem an på. Samanlikna med dei artigaste eller mest fengjande seriane kjem Sledge Hammer! til kort. Men serien har sin sjarm likevel, og som ein supplerande serie, der du ser ein episode i blant, så er det kurant. Og det skadar heller ikkje å ha eit forhold til serien på eit vis i frå før.

Sledge Hammer! 1986-1988 plakat - Filmdagbok

Skodespel

David RascheAnne-Marie MartinHarrison PageVis alle

Sjangrar