Sleeper

For meg er det å sette seg ned med ein film av Woody Allen synonymt med å putte den første snusporsjonen under leppa på over ei veke, kan eg gjette. Vanskeleg å skildre i detalj, men unekteleg ei god oppleving. Så sant det ikkje er snakk om ein av dei få svakare Woody Allen-filmane, då blir det meir som nikotinsjokk i dårleg dagsform.

Sleeper er så mykje som ein science fiction-film av Woody Allen, sett 200 år fram i tid til eit fordumma samfunn med vekt på nyting. Eg ser med dette kor Idiocracy kan ha henta inspirasjon frå. Og så er det ein komedie med enkle komiske midlar der samanlikningar kan trekkast til stumfilm og fysisk humor, skuggespel og revysketsjar med inkompetente doktorar for å nemna nokon.

Miles Monroe (Woody Allen) vaknar uvitande opp i ei ny verda, litt forvirra, men mest oppgitt ettersom han berre var innom sjukehuset for eit mindre magesår. Han er ei passande rolle for den narsissistiske utgåva av Woody Allen, som så mange gonger vel å skrive seg sjølv inn i hovudrolla og uansett rollenamn blir til Woody Allen.

Ved siden av fysisk humor i mengder er dette mykje ein film som fyrer laus mot alt og alle utan å kritisere harskt. Som Monroe så godt svarer på Luna (Diane Keaton) sitt spørsmål om kva han trur på når han ikkje trur på samfunnet, Gud eller vitskap: "I believe in sex and death!". Dette speglar att harseleringa filmen gjer, då det ikkje er vits å utøve det for hardt mot noko som ikkje er relevant for han som ego.

Sleeper fell godt på plass blant dei betre Woody Allen-filmane. Mannen er ikkje altfor full av seg sjølv. Han får retta kjappe peikefingrar hist og pist, servert mykje god moro i ein science fiction-komedie som verken er for målretta til å bli ei firkanta helteforteljing for Monroe, eller for sleivete til å ende opp som ei rekke tematisk like sketsjar utan større samanheng.

Når Woody Allen har Diane Keaton som sit motstykke rolla som den litt dumme Luna med doktorgrad i oralsex, manglar det heller ikkje fyrverki tilbake i fjeset på Woody Allen. Kjemien gnistrar mellom desse to i eit romantisk hat-elsk-forhold i ein elles fullpakka godteripose.

Sleeper 1973 plakat - Filmdagbok