Sleeping Beauty

Film · 1959 · · 2. januar 2021
4/5

I mange år har eg hatt ein type filmar eg har tenkt å skulle sjå, men foreløpig sett altfor lite av. Og det er klassiske teiknefilmar frå Disney. I jula 2020 tok dette seg opp, og Sleeping Beauty er ein av mange nyleg sette Disney-filmar.

Og for ein film. Visuelt og teknisk sett er dette ein spennande film å sjå på og lytte til. Historien er god og kompakt. Lengda på filmen er knappe 75 minuttar.

Det er gjort plass til alvor og vaksen tematikk, sjølv om filmen også er ein eventyrleg sak som egnar seg godt for yngre.

Historia om Tornerose er ei eg har høyrt eller lese for mange år sidan, og eg hadde visse forventingar til historia i filmen. Lite visste eg at versjonen til Disney var litt annleis, men dette gjorde filmen meir spennande å utforske for meg.

Men eg må igjen innom produksjonen til filmen for å få fram grunnen til at eg likte dette ekstra godt. Og det er den utsøkte bruken av detaljar, stil, djupne i bildet og slike ting som er generelt god og gjennomtenkt filmskaping. Det er noko eige med å sjå ei god historie pakka inn i godt handverk.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Sleeping Beauty 1959 plakat - Filmdagbok