Sleepless in Seattle

Sidan eg likte You've Got Mail var det ingen veg utanom denne, som også er med Tom Hanks og Meg Ryan, samt regissert av Nora Ephron.

Denne filmen er krydra av referansar til eldre filmar. Først og fremst An Affair to Remember. Han omfattar geografisk avstand på same måte. Hovudrollene har knapp interaksjon, så oppbygginga er ei kryssklipping av austkyst mot vestkyst, Baltimore mot Seattle.

Tom Hanks har ikkje fullt så mykje karakter som i sine beste filmar, men Meg Ryan gjer seg utruleg godt på skjermen her. Det er mest vekt på drama og romantikk, så nokon skikkeleg gladfilm er det ikkje, utan at eg ser grunn til å trekke ned for det. At han er ganske så prega av diaolog, med god dialog, er styrken i denne så vel som det var i You've Got Mail. Så eg tykte filmen var ganske lett å like.

Sleepless in Seattle 1993 plakat - Filmdagbok