Sleuth

Ei nyinnspeling av denne duellen mellom Laurence Olivier og Michael Caine står på troppene, og har vel allereie blitt vist i enkelte samanhengar. Michael Caine møter der Jude Law, som skal spele rolla Michael Caine hadde i første.

Men no har eg altså sett 1972-versjonen. Og for ein film. I nesten to og ein halv time følger me herremennene Andrew Wyke, godseigar og forfattar, og Milo Tindle, frisørsalongeigar. Dei møtes etter at Tindle har lagt sin elsk på kona til Wyke. Forutan kulturkrasjet mellom desse er Wyke open for forholdet Tindle har med kona hans. Han tilbyr faktisk å hjelpe Tindle økonomisk ved å la han stela nokon juvelar han eig, men då må Tindle vere med på ein leik. Wyke er svært interessert i gamle leiketøy og spel, men og i meir seriøse rollespel.

Det er nettopp i den retninga filmen utviklar seg. To intelligente, vaksne menn driv handlinga med smart og humoristisk dialog. Wyke er populær innan krim- og politietterforskarsjangeren, så filmen er full av element frå krim, og er noko av det beste eg har sett i retninga ved siden av krimfilmane til Woody Allen.

Sleuth 1972 plakat - Filmdagbok