Sliding Doors

I denne romantiske komedien med Gwyneth Paltrow følger me ei kvinne, viss liv tek to retningar. Desse to parallelle universa tek utgangspunkt i om kvinna rekk eit tog eller ikkje.

Det er greitt, men aldri betre verken i den eine eller andre delen. Passe typisk romantisk komedie-greier, men eit snev meir dramatisk. Utover karakteren til Gwyneth Paltrow så er det ikkje så mange interessante karakterar. Eg ser ikkje den heilt store kjemien mellom ho og John Hannah, som er sentralt for den romantiske delen.

Ikkje blant dei sterkaste filmane med Gwyneth Paltrow med andre ord.

Sliding Doors 1998 plakat - Filmdagbok