Sling Blade

Billy Bob Thornton er ikkje til å kjenne igjen som Karl Childers i denne filmen om ein mentalt tilbakeståande mann som etter å ha vore innesperra på eit sjukehus store deler av livet sitt, på grunn av at han drepe mora si og elskaren hennar som barn, endeleg blitt sett fri.

Den Karl me møter er nok meir opplyst enn han kanskje gir uttrykk for, men likevel ikkje nok til å forstå alvoret bak kvar og ei handling. Likevel er det først og fremst det beste for personane rundt han, av dei som han bryr seg om, som er det viktigaste for han.

Når eg nemner at Billy Bob Thornton ikkje er til å kjenne igjen, er det først og fremst fordi dei filmane eg sit igjen med friskast i minne er Bad Santa og Bad News Bears, der han både ser veldig mykje annleis ut, og oppfører seg litt under menneskeleg nivå i andre enden av skalaen. Ikkje som smart, men ikkje fullstendig oppegåande på sjølvpåført måte. Det betyr ikkje at han spelar dårleg, langt derifrå, dette er ein knall film med ei god hovudrolle. No veit eg ikkje kor vanskeleg det er å spele overbevisande tilbakeståande, men han gjer det iallfall bra.

Sling Blade 1996 plakat - Filmdagbok