Slipp Jimmy fri

Eg ser ingen poeng med å gå rundt grauten, dette stornorske animasjonsprosjektet slo ikkje heilt an her. Teknisk er det ingen underverk, utan at det skal bli ein av grunnane eg legg vekt på i dommen min. Hoodwinked som eg såg i fjor var heller ingen meisterverk innan animasjon, men gjorde godt inntrykk.

For å likevel oppsummere det heile, så held eg med det positive. Christopher Nielsen sin film om den narkomane elefanten Jimmy har ein særeigen sjarm, og er utruleg stilig å sjå på. I god ånd med teikneserien til mannen har filmen adoptert typiske teikneserietrekk. Noko eg ser på som eit stort pluss i ein animasjonsfilm, om det er godt gjennomført. Filmmusikken er stemningsfull, verkar litt kjent og står i stil med filmbilda generelt. Likevel er det noko som ikkje klikkar her. Tempoet er labert for ein film på 80 minuttar og han heng litt rart saman og hoppar i tid på ein varierande måte.

I grunn synst eg det vart litt tynt og kjedeleg, og sit ikkje igjen med ei betre enn mellomgod kjensle. Og tør eg påstå heolt på slutten at dei norske stemmene på halvparten av folket vart litt svak? Ja. På ei anna side trur eg denne filmen vil tåle tida godt og kan bli sett på nytt ved eit seinare høve, fordi han enkelt nok har ein del overdrivne norske trekk som eg kan le av.

Slipp Jimmy fri 2006 plakat - Filmdagbok