Slumdog Millionaire

Ein indisk 18-åring har fått bli med på den indiske versjonen av Who Wants to be a Millionaire? Han står eit spørsmål i frå å vinne førstepremien.

Filmen hoppar mellom tv-programmet og tilbakeblikk på livet i slummen. Så i det han har det siste spørsmålet igjen, er sendinga over, og han bli skulda for å jukse.

I avhøyr med politiet fortel han historia om fortida si. Om ei jente, om gjengar og andre deler av livet hans som forklarer korleis han som gategut kan ha lært svara som har sendt han til siste runde i Who Wants to be a Millionaire?

Dette er ein film som satsar både på det fargerike me ofte forbind med India, samtidig som fattigdom og kontrastar også er viktig. Det er ein både lystig og emosjonell film, og ein god ein.

Slumdog Millionaire 2008 plakat - Filmdagbok

Publisert

28. desember 2008 av

Regissørar

Danny Boyle, Loveleen Tandan (I)

Manusforfattarar

Simon Beaufoy, Vikas Swarup

Skodespelarar

Dev Patel, Saurabh Shukla, Anil Kapoor, Rajendranath Zutshi, Jeneva Talwar, Freida Pinto, Irrfan Khan, Azharuddin Mohammed Ismail, Ayush Mahesh Khedekar, Jira BanjaraVis alle 90 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Romantikk

Land

Storbritannia, India

IMDb

IMDb-side om Slumdog Millionaire