Small Time Crooks

Eg har lest tidlegare at fleire uttalar seg om 1990-talet og tidleg 2000-tal som den svakaste perioden for filmane til Woody Allen. Det kan stemme at ikkje alle filmane her er gode, men nokon er fantastiske. Og det kom ut mindre gode Woody Allen-filmar både på 1970- og 1980-talet også.

Small Time Crooks er kanskje ein av desse svakare filmane som nokon har uttalt seg om. Eg synest ikkje han er dårleg, men det er nok ein av dei svakare og mindre minneverdige.

Woody Allen blandar komedie og krim, og ei handling som går ut på at ein udugeleg gjeng kriminelle skal prøve å rane ein bank. Dei mislykkast, men lykkast derimot spektakulært med butikken som skal vere deira dekkhistorie.

Det er altså noko med blandinga av komedie og krim som ikkje sit heilt. Small Time Crooks er ein fornøyeleg film, men evnar ikkje å nå opp til ei høgde kor verken det eine eller andre poenget skil seg ut.

Small Time Crooks 2000 plakat - Filmdagbok