Smokin' Aces

Smokin' Aces er ein type actionfilm som vil bli enten eller. Enten klarar du å godta kvalitetane og manglane, eller så klarar du ikkje godta manglane på kvalitetane. Uansett innfallsvinkel på problemet så er ikkje filmen perfekt, men enkelte vil klare å hente ut ei grei oppleving. Personleg hamna eg i båsen over betrevitande som ikkje heilt klarar å svelje dette hårete monsteret.

Stilmessig er Smokin' Aces godt gjennomført. Karakterane går godt i lag og er alle tøffe og enkle. Det heile luktar sterkt av film, men sjølv om målet ikkje er å få fram noko som helst realistisk preg har det blitt sikta mot eit delvis røft preg med mørkt blod, støv og sveitte i ansikta. Ansikta me møter er ei rekke kjente som blant andre Ray Liotta, Alicia Keys og Ryan Reynolds. Personar eg generelt har lite i mot, men som aldri får sjanse til å vise seg for kva dei kan her.

Med dette startar ei lita opplisting av ting eg ikkje sette pris på. Den uoriginale historia er stykka opp mellom altfor mange personar. Me får aldri sjansen til å knyte nærare kjennskap til nokon av dei. Om dette er meininga så er det iallfall ein dårleg tanke. Balansen mellom å vere type parodisk over toppen action og rett fram skiten og jordnær er skrudd. Når du er i ferd med å komme inn i ein god flyt kjem det heilt på trynet løysingar og øydelegg, men dei kjem sopass sjeldan at dei ikkje går inn i oppskrifta.

Mitt neste poeng treng ei rask oppsummering av handlinga. Mange folk er på veg for å drepe ein mann. Det er jo i og for seg greitt, men kjedeleg. Så når alle på same tid er i ferd med å ta seg inn på hotellrommet mannen er på, så må ting gå med så sakte fart at det blir nesten uuthaldeleg. Etter på ein måte å ha runda klimakset skal den hittil så smarte filmen, eller ikkje smarte, forklarast og bli grunngitt til det ytste for å få oss til å tru at det som har skjedd hittil har vore noko anna enn det me har vitna. Ein allereie kjip film blir difor 20 minuttar for lang.

Smokin' Aces er eit godt eksempel på eit unødvendig supplement i ein ikkje avslutta etterperiode etter det stilige gjennombrotet til Quentin Tarantino.

Smokin' Aces 2006 plakat - Filmdagbok