Snabba cash

Film · 2010 · · 10. februar 2021
3/5

Den svenske filmen Snabba cash handlar om ein student på handelshøgskulen som tek småkriminelle oppdrag ved sidan av studiet. Dette for å ha nok dekning på kontoen til å kunne omgi seg med dei rike studentane, og bli del av deira miljø.

Ein dag takkar han ja til eit godt betalt oppdrag, som gjer at han får alvor får foten innanfor i det kriminelle miljøet. Deretter er dette ein snøball som berre ballar på seg med drama og krim.

Filmen er den første av tre Snabba cash-filmar, og er den mest varierte og jordnære av dei. Om det går an å sei det om filmen, for han er forsåvidt ganske dryg etter kvart.

Det er ein film med ei handling som omfattar tung kriminalitet som smugling og våpen, narkotika og prostitusjon. Og det handlar om pengane og flyten av desse. Her er det mange gråsoner som blir kryssa, og det er lite som liknar på ein helt i filmen. Alle har på eit vis gjort eller vil gjere noko gale. Dette gjer for min del at eg må omstille meg til å ta dette som ei skildring av eit scenario, meir enn eg kan sei å bry meg om dei involverte. Kanskje det er med på å jekke filmen ned eit hakk til sjuande og sist.

Utover det er filmen kurant underhalding og ein fin thriller.

Les ei anna melding på www.notonlyhollywood.com.
Snabba cash 2010 plakat - Filmdagbok