Snabba Cash

Serie · 2021 · · 10. mai 2021
2/5

Tidlegare i 2021 såg eg dei tre Snabba Cash-filmane som kom mellom 2010 og 2013. Tre gode filmar, som er relativt like, men har gode nok historiar til at det blir bra.

Så kom Netflix-serien Snabba Cash, og nysgjerrigheita gjorde at eg sette i gong med han. Eg hadde ikkje nokon store forventingar. Dei siste åra har det dukka opp flust av seriar som tar namnet til ein film eller franchise, utan at det tilfører noko ekstra til opphavet.

Og serien Snabba Cash havnar fort i denne båsen. Det er ein heilt grei serie, men han tilfører ikkje noko ekstra til dei tre Snabba Cash-filmane. Med heilt grei meiner eg at han har nokre gode idear, kurante karakterar og godt gjennomføre scener. Men som heilskap er det langsamt og kjedeleg, og skulle aldri ha vore lenger enn lengda på ein film. Det er ein serie som tidleg gir inntrykk av å mangle retning, og får meg til å frykte nok ein Netflix-serie som berre er meint å ta opp mest mogleg av tida mi.

Les også meldingar på www.ekkofilm.dk (dansk) og www.lydogbilde.no (norsk).
Dette blogginnlegget har blitt nemnt på www.facebook.com. Gå dit for å like eller kommentere det.
IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Snabba Cash 2021 plakat - Filmdagbok