Snabba cash - Livet deluxe

Film · 2013 · · 11. februar 2021
3/5

Snabba cash - Livet deluxe er den tredje og siste Snabba cash-filmen frå byrjinga av 2010-talet. Han kom tett på Snabba cash II, berre året etter. Og for min del så såg eg denne filmen same dag som eg såg Snabba cash II.

Filmen handlar om søken etter ei søster, eit stort ran og serbisk mafia i Stockholm. Den mest sentrale karakteren i dei to første filmane er knapt med i denne filmen. Dette var eg ikkje klar over før eg byrja å sjå han, og eg sat litt på vent til at filmen skulle starte skikkeleg på grunn av dette. Så eg vil åtvare eventuelle interesserte i at karakteren JW ikkje er så mykje med.

Jorge, ein annan sentral karakter frå dei to førre filmane, er derimot langt meir sentral. Filmen følgjer opp Snabba cash II tett både i tone og innhald. Det er ikkje så mykje meir å sei om ein thriller av denne typen, som oppfølgjar. Han leverer godt og som forventa, men er nok ikkje den mest minneverdige saken.

Eg har sett dei tre Snabba cash-filmen i løpet av to dagar, så for meg heng opplevinga av desse tett. Sett i samanheng så stikk den første filmen av meg seieren som best på eiga hand, fordi han introduserer oss til karakterane og denne verda. Mens den andre filmen i rekka er litt betre på action. Den siste er omtrent som film nummer to.

Les fleire meldingar på www.notonlyhollywood.com og omfilmer.se.
Snabba cash - Livet deluxe 2013 plakat - Filmdagbok