Snakes on a Plane

Det store spørsmålet i forkant av eg såg Snakes on a Plane var om filmen kunne leve opp til dei skapte forventingane og det positive som har blitt sagt om han. Eg har halvveges hengt meg på denne bølga i ulike diskusjonsforum og besøk på sider med dei mange ulike versjonane av kinotrailerar, og veit såleis ikkje om det var på eit nøytralt grunnlag eg stilte før eg såg filmen.

Hovudsakleg handlar filmen om slangar på eit fly. Grunnen til at me i heile tatt er på eit fly etter kvart er på grunn av transporten av eit vitne. Vår mann, Samuel L. Jackson er FBI agent Neville Flynn og i leiinga av transporten. Eg skal ikkje bruke så mykje meir tid på å forklare omkring dette, men heller gå vidare til min eigen vesle dom eg har gjort om filmen.

Det finst verre filmar som har komme rett på kino, så Snakes on a Plane er ingen typisk rett på video-kandidat. Spesialeffektane held eit akseptabelt nivå, og eit par av skodespelarane er til vanleg ganske greie. Samuel L. Jackson er han som reddar filmen frå å bli ei tragisk suppe. Han har nokon utruleg fargerike kommentarar og talar innimellom, som har blitt flittig brukt i kinotrailerane.

I blant er filmen faktisk litt spennande, men ei scene som der trykket i kabinen blir drastisk forandra ved et lite kulehull i glaset klarer ikkje gjere andre inntrykk på meg enn å fnyse av faktafeil. Bortsett frå denne eine store enkle tingen hadde eg ingen problem med slikt.

Inndelinga i filmen går hovudsakleg i to: På Hawaii og på flyet. Det blir difor kjedeleg i lengda når dialogar ikkje klarer å erstatte mangelen på ei god historie. Halve filmen er dopa slangar på eit fly som bit folk som hyler og spring og er redde og ventar på ein lykkeleg slutt. Halvdelen før dette er oppbygginga til dopa slangar på eit fly som bit folk som hyler og spring og er redde og ventar på ein lykkeleg slutt.

Snakes on a Plane 2006 plakat - Filmdagbok