Snakes on a Train

Mens eg ventar på Snakes on a Plane kan det vere greitt å starte litt i det små og på bakkenivå med denne The Asylum-filmen.

Konseptet er så enkelt som tittelen, og historia så rar at eg ikkje vil bruke energi på å fortelje om ho.

Filmen er utruleg dårleg, men likevel morosam. Eg storkoste meg i enkelte scener. Og kjeda meg i andre.

Midtpartiet av filmen, pluss starten, og innimellom overalt fram til slutten er treg og eit langt gjesp. Men det er krydra med fleire latterlege innslag som gjer at eg opnar auga og vaknar igjen.

Og slutten må eg nemne. Eg kan henge meg på dei som seier at slutten er god nok til at filmen er verdt å sjå. Eg skal ikkje røpe noko av han. Eg skal heller ikkje skrive meir, for det meste var ganske dårleg med Snakes on a Train.

Snakes on a Train 2006 plakat - Filmdagbok