Snarveien

Forventingane til Snarveien var låge. Plakaten er billeg og kritikkane er varierande. Men krava mine til skrekkfilm er ikkje så høge, og eg sat meg ned i god tru på at filmen kunne underhalda.

Dette er den type skrekkfilm der oppbygginga ofte blir noko kjapt og enkelt, og fleire filmar knapt klarar å skape sympati for karakterane. Dette var det største problemet til Rovdyr, men Snarveien unngår det fint. Oppbygginga her er ein av dei betre eg har sett på ei stund innanfor sjangeren. Det er sitrande spenning til stades, og filmen undervurderer heller ikkje publikum med overtydelege hint undervegs. Det ligg i korta korleis dette går, og kva roller folk har, så Snarveien kjem ikkje med nokon store overraskingar, men det var heller ikkje forventa.

Det er når filmen nærmar seg klimaks at det byrjar å rakne. Heile greia rundt direktesending av din siste time på nett, som plakaten reklamerer med, blir for teit. Hadde det vore snakk om ein god, gammaldags familie av psykopatar, hadde det blitt så mykje betre. Trass i at dette ikkje ville ha vore eit originalt trekk. Dessutan er det ikkje spesielt spennande lengre, etter at korta blir lagt på bordet. Folk tar for mange snodige avgjersler til at eg kan la det gå, og har du først starte å irritere deg, så fungerer ikkje ein skrekkfilm.

Synd, men sånn er det. Ei oppbygging av denne typen kunne det godt ha vore meir av, men avsluttingar som her vil eg helst sjå mindre av.

Snarveien 2009 plakat - Filmdagbok