Snekker Andersen og den vesle bygda som glømte at det var jul

Film · 2019 · · 12. desember 2020
3/5

Snekker Andersen og den vesle bygda som glømte at det var jul er oppfølgjaren til Snekker Andersen og Julenissen frå 2016. Og i denne filmen er det ei ny Alf Prøysen-forteljing som står for tur. Eg hugsa ingenting frå denne forteljinga frå før, og stilt til filmen med blanke ark.

Det handlar om ei lita bygd der alle er gløymske. Og ei lita jente som oppdagar dette. Visst dukkar Snekker Andersen opp, men vektinga av namnet hans i filmtittelen er heller misvisande.

Filmen følgjer opp Snekker Andersen og Julenissen på stemning, type humor og på spelelengde. Han er kort med sine 70 minuttar, men det er akkurat passe. Det er ei enkel historie utan særlege avstikkarar.

Trass i god humor og god stemning, så manglar nok filmen litt av magien til den første. Framdrifta har ikkje den same given. Og nokre innslag verkar meir obligatoriske enn nyttige. Spesielt nokre av delene med Snekker Andersen og Julenissen. Så det blir ein svak 3/5 samanlikna med den førre filmen sin sterke 3/5.

Les også ei melding på julefreak.blogg.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Snekker Andersen og den vesle bygda som glømte at det var jul 2019 plakat - Filmdagbok