Snekker Andersen og Julenissen

Film / 2016
3/5

Snekker Andersen og Julenissen er ein julefilm basert på ei historie av Alf Prøysen. Det er ein kort film på 70 minuttar, men som likevel er meir omfattande enn den opprinnelege historia.

Med Trond Espen Seim i hovudrolla som snekkaren, er dette ein film som fortel historia om då snekkaren besøkte familien til julenissen på julaftan, og julenissen besøkte familien til snekkaren.

I blant dei delene som er den opphavlege historia, har filmen blitt krydra med ekstra idear. Det er stort sett små detaljar eller dramatiske grep for å treffe betre. Men ein unntak som trekk litt ned er når snekkaren på besøk hjå familien til julenissen blir vist ei rom med gåver. Det blir litt i overkant av spektakulær estetikk. For elles er filmen stort sett ein med beina planta i jorda. Eit budsjett på knappe tre og ein halv millionar kroner vitnar også om dette. Utan at filmen ser dårleg ut for det.

Samanlikna med den klassiske teikna varianten av Snekker Andersen og julenissen frå 1973 held eg ein knapp på denne nye versjonen frå no av.

Snekker Andersen og Julenissen 2016 plakat - Filmdagbok