Snekker Andersen og julenissen

1973 / Film
27. desember 2018
3/5

Snekker Andersen og julenissen er ein tradisjon for mange på julaftan, og ein kortfilm som NRK har sendt i fleire tiår. Det er ei forteljing om ein snekkar som blir julenisse for julenissens barn, medan julenissen besøker barna til snekkaren.

Kortfilmen består av stilleståande teikningar og opplesing av Svein Erik Brodal. Historien er skrive av Alf Prøysen. Å kalle det teiknefilm er difor å ta litt i, det er meir som ein bildepresentasjon, men der er fornøyeleg uansett. Det er ei triveleg historie som er presis og tek ein humoristisk vri på jula ved å stille spørsmålet: Kva med barna til julenissen?

Snekker Andersen og julenissen 1973 plakat - Filmdagbok

Annonse

Relaterte innlegg