Snowpiercer

Eg har det med å kategorisere film på mange ulike måtar. Formålet er å kunne finne liknande filmar eg vil sjå eller unngå.

Snowpiercer hamnar i ein kategori over raske, konkrete actionfilmar, som ikkje nødvendigvis oppfyller ideane om ein storfilm, men som har sin eigen plass blant filmar eg gjerne ikkje får med meg før ei stund etter lansering. Andre eksempel her er spreke filmar som Crank: High Voltage, Wanted, Shoot 'Em Up og Death Race. For å nemna titlane eg kom til å tenke på først.

Handlinga i Snowpiercer går føre seg på eit tog. Historia til toget er at det må køyre kontinuerleg, gjennom ei verd som er som eit isaude. Heile befolkninga til verda bur på toget. Og det er ei klasseinndeling frå fremst til bakarst.

Klasseinndeling betyr gjerne misnøye, og ting vil sjølvsagt skje både på toget og med toget i ein sånn film. Det fører til god action i ein film med sin eigen vri. Det er både rikt på miljø og idear, samtidig som det er konkret action og avgrensa i plass.

Og det er tøft.

Snowpiercer 2013 plakat - Filmdagbok