Some Girl(s)

Some Girl(s) slår best an på to område som eigentleg ikkje seier noko om filmen i seg sjølv. Det eine er potensialet eg ser i historia, det andre er forholdet mitt til tidlegare filmar og seriar med skodespelarane.

Potensialet ligg i samtaleforma. Some Girl(s) består i hovudsak av eit utval samtalar mellom hovudpersonen (Adam Brody) og ekskjærastane hans. Men dei verkeleg gode samtalane uteblir, og eg aner berre konturane av ein interessant karakter som han kunne ha vore. Og som me gradvis kunne ha blitt kjent med, før eit eller anna bra skjedde mot slutten. Men det er altså ikkje slik.

At eg har sansen for Adam Brody, Kristen Bell og Zoe Kazan betyr mest at eg var ekstra positivt innstilt, og at eg nok lét Some Girl(s) gå god for meir enn filmen er.

Some Girl(s) 2013 plakat - Filmdagbok