Some Girls

Some Girls var ein passe bisarr film, og ei lita overrasking ved å vere litt dristig og avstanden han har frå forventa romantisk komedie.

Litt bakgrunn sømmer seg. Patrick Dempsey spelar ein collegestudent som skal feire jul hjå ein slags kjærast i Canada. Eller tidlegare kjærast. Ho reiste heim og kom aldri tilbake til college.

Då han kjem heim til ho viser det seg at familien hennar mildt sagt er spesielle. Utan å ha sett for mykje The Addams Family, så får eg assosiasjonar til dette, men utan dei overnaturlege elementa.

Karakteren til Patrick Dempsey endar opp med å seie feil ting og gjere feil. Kjærleiksinteressa hans vil slå opp, men vere i lag neste morgon. Søstrene er interesserte i han, og ikkje. Og sånn held det fram. Det er ei overdriving av det uvante å komme inn i nokon andre sin heim, som har andre skikkar og måtar å gjere det på enn du.

Some Girls held trykket oppe og blir aldri kjedeleg. Den utviklar seg i forventa retning etter kvart, som nesten er ei lette i alt styret eg opplever gjennom hovudrolla. Men ikkje så mange av handlingane undervegs er meir enn akkurat passe gode. Ein av dei sterkaste og mest morosame sidene er dei seksuelle aningane mot karakteren til Patrick Dempsey, og korleis han behandlar dei.

Some Girls 1988 plakat - Filmdagbok