Some Like It Hot

Film · 1959 · · 18. november 2007
5/5

Tony Curtis, Jack Lemmon og Marilyn Monroe spelar på lag i denne flotte Billy Wilder-komedien frå 1959, der Tony Curtis som Joe og Jack Lemmon som Jerry må kle seg ut som kvinner for å få ein gig utanfor byen. Gangsterar på jakt etter eller forviklingar med andre menn føre seg, Josephine og Geraldine/Daphne står bokstaveleg talt på tå med høghæla sko gjennom denne hysteriske filmen.

I Some Like It Hot blir det avfyrt punch lines og gode dialogar med farten til eit maskingevær og eg går aldri trøytt av det. Tempoet dabbar aldri av og historia blir aldri gammal. Det er veldig viktig for ein komedie. Imponerande at oppsettet med menn forkledd som kvinner held seg så godt gjennom to timar, men ikkje spesielt overraskande når Billy Wilder står for regien og Tony Curtis og Jack Lemmon overtydar i hovudrollene.

Til denne type film, med forkledningar og doble roller, ligg det gjerne forventingar til gangen i handlinga. Løysinga er fin då det alltid skjer så mykje i notida at det som kjem etterpå aldri særleg aktuelt å tenke på. Når det kjem, så er det akkurat like artig. Mykje skryt, lite handfast eg har retta meg mot.

Some Like It Hot 1959 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Marilyn MonroeTony CurtisJack LemmonVis alle

Sjangrar

Land