Something, Anything

Ei dame lev eit fint og godt liv. Så spontanaborterer hun, og livet blir snudd på hovudet. Ho prøver å finne ei ny meining etter å ha støytt frå seg det meste av omverda, inkludert ektemannen. Såleis rotar ho seg bort i religiøse greier og sånt.

Det er lite å like med Something, Anything. Som er grunnen til at eg vel å skrive om filmen. Hovudsakleg er han kjedeleg, men også hovudpersonen er passe destruktiv. Forsøket på å nøyste opp ei meining i hennar tilvære ser ut til å drive ho enda djupare inn ei idéverd om å ikkje ta vare på seg sjølv. Dette er ikkje spesielt interessant å følge med på, og når verken interesse eller heltefaktor kan passe på ei hovudrolle, så mistar stort sett ein film den sentrale drivkrafta.

Utover mitt synspunkt på liv og meining som er tydeleg ulikt i frå det filmskapar Paul Harrill vil formidle, så er det amatørpreget og tonen som eg heller ikkje har sansen for. Eventuelt er ein mindre god produksjonsverdi eit betre ord på det enn amatør. Det skin gjennom at mange av skodespelarane ikkje får gjort tilstrekkeleg ut av seg. Og farge, lys og alt sånt er som ei dyster suppe. Kanskje er dette noko eg tenker over fordi filmen er det same.

Av gode kvalitetar kan eg i det minste nemna at filmen, bortsett frå å hoppe noko uforklarleg i tid her og der, er ei slags reise og har eit slags mål for hovudpersonen. Og med den greie strukturen så kom eg i det minste gjennom filmen.

Something, Anything 2014 plakat - Filmdagbok