Sommaren med Göran

Göran er ein håplaus romantikar som kanskje manglar sosiale antenner. Iallfall er han dårleg med det motsette kjønn. Eller berre med å sjå eller lytte til andre personar.

Sommaren med Göran er ein svensk romantisk komedie om denne underlege karakteren, og ein sommar i hans liv. Humoren byggjer på dei ukomfortable situasjonane personlegdomen til Göran legg opp til, samt tilfeldigheiter, hell og uhell som du berre ser på film.

I hovudrolla er Peter Magnusson, som er nyleg såg i Tills Frank skiljer oss åt. Det er nesten ti år mellom desse to filmane, men han har store likskapar på tvers av dei i korleis han ser ut og kva type person han spelar.

Filmen er ein artig komedie, der romantikken tar baksetet. Det er ein enkel film, men ein eg let med underhalde godt av, spesielt på grunn av Peter Magnusson og hovudpersonen, men og dei andre fargerike karakterane som gjer dette til eit fullstendig miljø.

Sommaren med Göran 2009 plakat - Filmdagbok