Sommerhytta

Serie · 2017–2021 · · 20. juli 2021
3/5

Sommerhytta er ein TV 2-serie om oppussing av hytter, som i første sesong handlar om oppussing av ei tredelt hytte i Solvang kolonihage i Oslo. Tre par skal pusse opp sin del, delta i konkurransar og oppdrag. Vinnaren på slutten av sesongen vinn hytta dei har pussa opp.

Dette er lett og ledig underhalding med eit pust av sommar. Ein av grunnane til å sjå serien er at det er små tips og triks til oppussingsarbeid, samt ein del inspirasjon å hente. Ein annan grunn er dei trivelege folka som er med, som gjer jobben og deler sine erfaringar.

Om det er eit ord som kan skildre serien best, så er det kos.

I første sesong av serien handlar det om ei tredelt hytte, eller ein form for hytterekkehus, i Solvang kolonihage i Oslo. Tre par skal pusse opp kvar sin del. Det er 40 episodar på rundt 20 minuttar.

I andre sesong er det fire par som pussar opp kvar si hytte i Lyseren Strandpark. Det er framleis 40 episodar, men dei har no blitt utvida til å vere over 40 minuttar kvar. Denne fordoblinga av sesonglengda er til fordel for serien, som no emnar å komme endå tettare på deltakarane, som gjer at eg investerer meir i serien og får større utbytte. Dessutan er det meir rom for å følgje oppussinga enn tidlegare.

Tredje sesong er bygd opp likt som andre sesong. Her er det bygging av innmaten i fire store hytter ved Røsneskilen nær Halden. Det er ein god sesong som går fort unna, med likandes folk som er med.

Fjerde sesong er tilbake til Lyseren Strandpark, og er ein sesong som går fort unna å sjå. Det er stabilt nivå på deltakarane, og god konkurranseunderhalding heile vegen.

Femte sesongen er sett til Mjøsli, med utsikt over Mjøsa. Sesongen er tidvis prega av å vere produsert i koronatiden, men er fin underhalding likevel. Deltakarane held høgd nivå.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Sommerhytta 2017-2021 plakat - Filmdagbok