Son of Batman

I Son of Batman lærer Batman at han har ein son i lag med Talia. Talia er dottera til Ra's al Ghul, og ho og Batman hadde på eit tidspunkt eit brot.

Sonen som heiter Damian Wayne blir på grunn av truslar mot livet sendt i vern for å leve med Bruce Wayne. Han er ein ufordrageleg liten dritsekk som gjer som han vil, og som har vakse opp med heilt andre synspunkt på liv og død enn dei Bruce har.

Det er altså både familiære konfliktar og eksterne truslar i Son of Batman. Det er eit spennande tillegg til universet til Batman som opnar seg i filmen. Eit eg ikkje kjenner mykje til, som stort sett har sett Batman som teiknefilm og live action, og ikkje lese teikneseriane.

Det er som oftast med DC Universe Animated Original Movies først og fremst ein actionfilm. Og det er i overkant av mykje action for min smak, sjølv om eg forventa ein del. Filmen har også irritasjon og dumskap som sentrale element, i form av Damien. Det er vanskeleg å komme unna, då dette er han som person, men det betyr ikkje at eg må like det godt fordi.

Son of Batman 2014 plakat - Filmdagbok