Song One

Nokon få valde ord om Song One verkar å vere nødvendig for å forklare den noko svake rangeringa eg har gitt filmen.

Song One er eit drama som sentrerer rundt ein ung mann i koma, søstera hans og ein musikar. Anne Hathaway spelar søstera, og Johnny Flynn musikaren, og dei utviklar i løpet av filmen ei romantisk interesse for kvarandre.

Mitt problem med Song One er først og fremst at filmen er langsam, lite hendingsrik og dermed kjedeleg. Musikken er det ingenting i vegen for. Faktisk det motsette. Eg er i frå før av stor fan av Johnny Flynn og har vore det lenge. Og sjølv om han verkar noko ukomfortabel føre kamera, noko han også gjer i Lovesick, så verkar han naturleg ukomfortabel.

Etter å ha sett ferdig Song One har eg kjensla av å berre ha sett ei lang scene som blei dratt ut. Filmen har ikkje noko høgdepunkt eller vendepunkt å henge seg opp i. Så dette er ein film du med fordel kan unngå, men det skader ikkje å høyre filmmusikken.

Song One 2014 plakat - Filmdagbok