Sonja: The White Swan

Sonja: The White Swan er ein biografisk fiksjonsfilm om meisteren på skøyter og filmstjerna Sonja Henie. Filmen følgjer ho frå hennar tredje OL i 1936 og utover gjennom filmkarrieren i USA.

Me får tilbakeblikk til barndommen innimellom, men hoppar stort sett framover i tid. Dei store rikdommane Sonja Henie fekk som filmstjerne. Og korleis personlegdomen hennar tok ho så langt som han gjorde.

Eg vil heller ikkje legge skjul på at dette er ein film som set mykje av søkelyset på nedturen hennar. Det er ein lang og vesentleg del av filmen. Det er ikkje som at det er ei overraskande oppbygging av ein biografisk film om ein kjent person. Sonja: The White Swan er ganske så typisk.

Det blir litt for drygt for meg. Nedturen varer for lenge. Eg likar helst filmar som løyser problem og viser folk som skapar noko. Og det er grenser for kor mykje nedtur det er nødvendig å vise for å komme med eit poeng.

Eg vil likevel avslutte med den opplysande rolla filmen hadde for meg. Karrieren til Sonja Henie er ein eg har sett meg lite inn i. Eg visste at ho spelte i film, men aldri i kor mange og til kva grad det var ein suksess. Så mange av dei store linjene i livet som filmen viser til, var interessant lærdom.

Sonja: The White Swan 2018 plakat - Filmdagbok