Sons of Anarchy (2008–2014)

Serie / 15. desember 2014
3/5

Det som i utgangspunktet trakk meg til Sons of Anarchy var den western-aktige greia serien har ved seg. Men sett til moderne tid, og der hestar er erstatta med motorsyklar. Det var en tøff serie, som også hadde litt snakk om familie og drama. Det foregikk på ein måte i sin eigen verda, som var fint skildra og der eg lett kunne forestille meg samanhengen mellom stader på min eigen måte. Litt rom for fantasi er fint.

Det fungerte godt en god stund. Litt tullete og for mykje snakk om kjensler var det innimellom. Men etter nokon få sesongar byrjar det å dryge. Alt blei tatt litt for langt i forsøk på å holde det friskt, men uansett kva gale som blei gjort av dei sentrale karakterane, så blei dei tilgitt av andre eller av serien. Det blei vanskelegare og vanskelegare å sluke det som blei formidla.

I tillegg blei det også kjedeleg å sjå at ting gjentok seg. Karakteren eg gir til serien baserer seg i stor grad på den gode perioden. Hadde eg vurdert seriens andre halvdel ville det sett annleis ut. At eg valde å fullføre serien er fordi eg har ei interesse av å sjå korleis ting utarta seg. Det er ikkje noko eg anbefalar. Sons of Anarchy er eigentleg ikkje god nok på noe tidspunkt gjennom serien til at eg vil anbefale han. Så sant du ikkje har en spesiell interesse for det serien består av.

Sons of Anarchy 2008-2014 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

FX

Skapar

Kurt Sutter

Skodespelarar

Charlie Hunnam, Katey Sagal, Mark Boone Junior, Kim Coates, Tommy Flanagan, Theo Rossi, Dayton Callie, Maggie Siff, Ron Perlman, David Labrava

Sjangrar

Drama, Krim, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Sons of Anarchy

Forfattar