Soul

Film · 2020 · · 26. desember 2020
4/5

2020 var eit stort år for Pixar, med lansering av både Onward og Soul. To store og lett tilgjengelege filmar for eit breidt publikum, men samtidig med ulik nok tematikk til å ikkje konkurrere med kvarandre. Sjølv når eg såg dei to filmane tett opp mot kvarandre.

Soul handlar om ein lærar og jazzpianist. Han er lærar av yrke, og jazzpianist på fritida. Draumen hans er å drive med musikk på fulltid. Men ting har ikkje gått hans veg. Så dukkar det opp ein sjanse, men døden kjem i vegen.

Plakaten til filmen seier vidare mykje om kva ein får. Det er ein miks av stilartar for å skilje den ekte verda frå den utanfor livet. Det er hovudrolla og katten som blir følgjesvennen hans. Det er musikk, New York og lysande skapningar.

Hovudrolla heiter Joe, og filmen er reisa hans mot å nå måla sine og finne meininga med livet. Ein veg som ikkje blir fullt så lett som han håpa og trudde. Og det er her filmen blomstrar best, når underliggande seriøs tematikk boblar opp til overflata. Tett fulgt av humoren, som er ein viktig bit av filmane til Pixar.

Eg har høyrt mykje skryt om Soul, og er einig i mykje om at det er ein god film. Det han derimot ikkje er topp på er balansering av tempo, lengde på scener og generelt flyt og framdrift. For min del så går kunne filmen ha vore trimma ned litt her og der, spesielt i enkelte scener frå verda utanfor livet.

Utover dette merkar eg meg at det er mykje god musikk i filmen til å setje pris på. Eg gler meg over det høge nivået på dei animerte scenene frå New York. Og tykkjer generelt sett at dette er ein topp film.

Les fleire meldingar på fullstendigkaos.blogg.no og www.lydogbilde.no.
Soul 2020 plakat - Filmdagbok