Source Code

Source Code minnar meg litt om ein episode av Lois & Clark: The New Adventures of Superman. Mr. Mxyzptlk, ein skurk frå den femte dimensjonen, kjem til Metropolis og lager en tidssløyfe som får julaftan til å gå igjen og igjen.

Ein av grunnane til at Source Code fungerte for meg var at eg visste lite om han på førehand. Eit par ord her og der gav meg eit inntrykk av at folk likte han, historia visste eg mindre om, men eit par ting fanga eg opp. Dette er grunnen til at eg innleiingsvis nemner Lois & Clark: The New Adventures of Superma og tidssløyfer. Source Code handlar ikkje om ei tidssløyfe i slik forstand, men prinsippet med å oppleve den same hendinga gang på gang er sentral i filmen. Og dette er i grunn alt eg vil røpe om handlinga.

Source Code er elles ein science fiction-film som bryr seg fint lite om å nærme seg realisme. Han utfordrar oss til ei viss grad på ulike stadium av medvitet til hovudpersonen, men prøver aldri å gå så langt som og oppnå forvirringa som nokon opplevde med Inception, ein heller ukomplisert film spør du meg.

Grunnar til å sjå Source Code er at det er ein actionfilm med litt meir historie enn det enklaste der ute. Han kokar ned til ei mindre komplisert affære, men er likevel tilfredsstillande nok. Lengda er nær sagt perfekt og han har eit driv nesten heilt fram til slutten.

Source Code 2011 plakat - Filmdagbok